Eg har laga bøker sidan 1984. Alle mine bøker gir eg ut sjølv på eige forlag. Forlaget heiter Zeth Forlag. Namnet kjem frå performancen Zeth (1993), og boka Zeth (1996). Eg arbeider både visuelt og tekstbasert. Som oftast er bøkene enten tekstbasert eller visuelle, men i nokre tilfelle er det ein miks. Mange av bøkene inneheld korte tekstar, heilt ned til berre to ord.